h1

USA I NOVEMBER 2008 – MEIR ENN VAL AV PRESIDENT

oktober 27, 2008

Skrevet av Stig Elvis Furset, for spalten “Spill og bibliotek” i Bok og Bibliotek nr. 5 2008.

Spelgruppa ved Drammensbiblioteket tel i skrivande stund ned dagane til 1. november. For då set vi oss på flyet.
Reisemål: Chicago.
Formål: Konferansen ”Gaming, Learning and Libraries Symposium”, som går av stabelen i dagane frå 2.-4. november.

Konferansen blir arrangert av ALA Tech Source, ei avdeling innanfor American Library Association. Vi reknar med at jetlagen ikkje vil by på problem, for her er programmet tettpakka av ”stjernene” innanfor området, og ikkje minst ein større innsjø av ulike sesjonar kor spelaktivitetar innanfor bibliotek blir presenterte. Av hovudtalarane på konferansen kan ein nevne Marc Prensky, som har skrive boka Don`t bother me mom, I`m learning. Ei av hovudtesene hans er at unge, som ein i dag kallar ”Digital Natives”, er tiltrukne av dataspel fordi spela førebur dei unge på framtida. Og at dei via så ulike spel som Roller Coaster Tycoon, The Sims og Grand Theft Auto lærer å samarbeide, formulere strategiar, finn ein trygg arena å prøve ut risikable prospekt i, og ikkje minst, som i GTA, blir stilt ovanfor ei rekkje med etiske val. Elles så fristar det med titlar som: Birth of a Teen Activity Room, Circulating Videogames: A Must Have For All Libraries, Reading and Creating Stories: Making the Book Connection og What Every Librarian Needs To Know about Videogames and the Law. Ikkje rart at vi gler oss.

Men vi har sjølvsagt andre mål enn gledeserfaringar med turen også. Vi ynskjer å utveksle erfaringar med og få råd frå leiande kjernepersonar innanfor området bibliotek og dataspel. Studieturen vil kunne gje oss kunnskap om korleis vi kan vidareutvikle tilbodet vi allereie har på Drammensbiblioteket. Vi vil få mulighet til å få inspirasjon og informasjon om vegen vidare rundt eiga spelsatsing. Dataspel som læring er hovudtemaet på konferansen. Det er eit område kor vi treng handfast kunnskap. Ikkje minst ut frå at Stortingsmelding nr.14, Datatspill, har utreiing av ei innkjøpsordning for biblioteka på som eit punkt.

Erfaringane våre vil bli lagt fram på ymse vis. Det vil komme artiklar her i Bok og Bibliotek. I tillegg vil vi formidle ein del av erfaringane på bloggen vår: http://drammenpopkult.wordpress.com/
Vi skal også holde foredrag på den neste Ung 3.0-konferansen, som går av stabelen i Drammen 25.-26. mars 2009.

Sjølv om Drammensbiblioteket, blant anna gjennom vårt eige konsept Spillnatt, er komne eit stykke på veg med spelutvikling, så ligg USA langt føre oss. I USA er det generelt ei heilt anna målretting av bibliotekstilbudet til ungdom, unge vaksne og vaksne unge enn her heime, i god amerikansk serviceånd. Dette vil vi også undersøke nærmare. Etter konferansen i Chicago set vi oss nemleg i bilen, og vi skal besøke blant anna Ann Arbor District Library utanfor Detroit. Dette biblioteket er nærmast verdsleiande på tilbudet mot unge.

Vi får støtte til turen frå ABM-utvikling, som også vil ha med ein representant på spelkonferansen. Elles så gjer det heller ingenting at vi, heilt tilfeldig, også får oppleve presidentvalet på nært hald.

Skriv en kommentar