
popkult manifest 2008
MANIFEST 2008 – POPKULT I DRAMMENSBIBLIOTEKET.
Mange bibliotek, Drammensbiblioteket inkludert, har i dag ei omfattande satsing og formidlingsverksemd retta mot barn. Når det gjeld ungdom og unge vaksne så er tilbodet til denne gruppa av ein heilt anna karakter. Ovanfor denne målgruppa sliter bibliotek generelt, ofte med rette, med eit image som noko kjedeleg som ikkje har relevans for dei behov denne aldersgruppa har innanfor kultur og informasjon.
I eit slikt perspektiv blir ein av hovudkonklusjonane i den danske rapporten ”Framtidas bibliotek for de unge” av Kirsten Egegbo (2006) interessant. Der heiter det: ”Et ungdomsbibliotek vil være det mest optimale valg i arbejdet med at sætte fokus på unge og deres brug av biblioteker. Det kunne fungere som inspiration for hele landet og være med til at endre bibliotekernes image i hele befolkningen”. (s.40)
På bakgrunn av dette har ei gruppe beståande av bibliotektilsette ved Drammen bibliotek og Buskerud fylkesbibliotek gått saman for å arbeide med ungdomstilbodet ved biblioteket. Gruppa vart oppretta i fjor haust, og har blant anna arrangert spelnatt i biblioteket under haustferien. Etterkvart har vi komet fram til at det er begrensande å kun snakke om dette som eit ”ungdomstilbod” kun for dei mellom 13-18 år. Difor namnet PopKult. PopKult har eit tilbod som appellerer til både ungdom og vaksne lånarar. Pop signaliserer at populærkulturen skal vere ein dominerande faktor både innanfor innreiing og materiale, medan Kult signaliserer at det kan ha eit undergrunnspreg også, som i termane ”kultbok”, ”kultfilm”, ”kultband” etc.
Kva vil vi med PopKult?
-PopKult skal ikkje vere ei tradisjonell ”ungdomsavdeling” eller ”ungdomskrok”.
-PopKult si målgruppe er alle som er interesserte i sub- og populærkultur, uavhengig av alder.
-PopKult skal behandle dei ulike medieplattformane likt. Bøker, teikneseriar, spel, film og musikk skal eksistere side om side som likeverdige uttrykk.
-Popkult skal ha det aller siste og beste innanfor desse uttrykka, tilpassa avdelinga sin profil.
-PopKult skal integrere ”ungdomslitteraturen” frå Kulturfondet med ”vaksenbøker” som passar inn i avdelinga sin profil. ”Ungdomslitteraturen” skal ikkje stigmatiserast. Vår tese er at ”ungdomslitteraturen” då vil nå breiare lesargrupper.
-PopKult skal ha eit ope blikk mot ulike subkulturar, undergrunn og populærkultur, og spisse samlingane i den retninga. Viss ein tenkjer seg biblioteksrommet som eit byrom, skal PopKult vere eit svar på bydelar som Camden i London, Grünerløkka i Oslo etc. Posisjonen som outsider skal vektleggjast i samlingsutviklinga. Vi skal ha materiale som ingen andre bibliotek har (enn så lenge).
-PopKult skal ikkje vere redde for å prøve ut ny teknologi.
-PopKult skal ha høge omløpstal på samlingane. Kva som er høgt omløpstal skal definerast.
-PopKult skal vere eit sosialt rom for brukarane.
-PopKult skal ha ei innreiing som speglar medietilbodet.
-PopKult skal formidle tilbodet på arenaer kor det er naturleg, eksempelvis Fjølfæst (skatefestival i Drammen), Elvefestivalen, Spillnatt etc.
Kva kan PopKult bety for utviklinga av Drammensbiblioteket?
-PopKult vil dra nye lånargrupper til biblioteket.
-PopKult vil gjere Drammensbiblioteket relevant for unge.
-PopKult vil gjere Drammensbiblioteket til ein utviklingsaktør og lokomotiv for andre bibliotek, både regionalt og nasjonalt.
Korleis skal avdelinga organiserast?
-PopKult skal ha flat struktur.
-PopKult skal ha eige budsjett, kor både Drammen bibliotek og Buskerud fylkesbibliotek bidrar.
-PopKult skal ha motivasjon, entusiasme og kunnskap som drivkrefter i utforminga av avdelinga.
-Der kunnskapen innad i gruppa kjem til kort, skal ein søke den aktivt utanfor biblioteket, eksempelsvis ved å bruke spesialforretningar som Outland etc.